Langevåg
Langevåg ligg på søre delen av øya Bømlo, Bømlo kommune i Sunnhordland. Folketalet i bygda er omlag 1200 personar. Den lange vågen inn mot sentrum er ei svært god havn, og båtar her ligg godt skjerma for all slags ver og vind. Fiske, kombinert med jordbruk, har vore hovud-næringsvegen for folket i Langevåg opp gjennom tidene.
Innerst i Langevåg ligg ei stor gjestebryggje med plass til mange båtar. Her kan ein bunkre diesel og fylle vatn. Like ved gjestebryggja ligg Langevåg Bygdatun med butikk, bank, minibank, kafé, helsesenter, idrettshall og festsal. Her kan båtgjester leige vaskemaskin og dusj. I gjestebryggja er det ope trådlsust nettverk. Ein kan også leige sykkel om ein måtte ønskje det. Siste helga i august vert kystsogedagane arrangerte ved Langevåg Bygdatun. Då brukar det vere stort program med m.a. revy og dans. Video av. Øyvind Vold Kvamme

Båt til Espevær

Lokalbuss
