Rubbestadneset

Rubbestadneset er ein tettstad i Bømlo kommune. Staden ligg på nordaustsida av øya og har ca. 1200 innbyggjarar.
Rubbestadneset har grunnskule, vidaregåande skule, nærbutikk, hotell, bedehus, hurtigbåtstopp, frisørsalong og idrettshall med fotballbane. Bygda vaks fram rundt Wichmann Motorfabrikk som produserte båtmotorar frå 1903 til 1978. Då selskapet gjekk konkurs, vart det innlemma i finske Wärtsilä Norway AS, som i dag produserer propellar, gir og framdriftssystem, samt vedlikehald på Wichmannmotorar. Den gamle smia der ein starta produksjonen av motorar står framleis i sentrum, og er i dag nytta som museum og utstillingslokale. Video av. Espen Eikefet