Brandasund
Brandasund er ein gammal handelsstad på kysten mellom Haugesund og Bergen ved innseglinga til Selbjørnsfjorden. Handelsstaden ligg på Gisøyo lengst ute i Fitjarøyane. Etter at det kom brusamband til resten av Bømlo vart handelsstaden overført frå Fitjar kommune til Bømlo kommune. Her ute er det fleire gode fiskegrunner. Landhandelen har ope heile året og her finn du daglegvarer og du besøke kaféen Fabrikkloftet i sommarsesongen.
Nillo på Skjeret» (Pernille) var ein person mange kjende til. Ho levde på 1900-talet og dreiv i ei årrekkje butikken her. Nillo var nærast ein institusjon i seg sjølv med sitt fascinerande vesen.Butikken er her framleis.Video av Kjell Arne Haugland